Norsk landbrukseigedom sett frå lufta — teiggrenser og ressursar

Min Eigedom – Hurtigrapport

Bortsett frå deg sjølv – kva ressursar er knytt til eigedomen din?

Du er den fyrste og viktigaste ressursen på landbrukseigedomen din – den som set resten i sving.

Opplevingar · Jordbruk · Matproduksjon · Energi

Vår hurtigrapport kan vere fyrste steget – til ein god og gjennomarbeidd oversikt over rettar, teiggrenser og ressursar. Rett frå Kartverket og matrikkelen, så du kan sjå kva som faktisk ligg der og setje det i arbeid.

Møt oss på Dyrsku'n 2026, 11.–13. sept – stand E255

…with passion for humanity, and the energizing power of water.

NH3-pilotprosjektet

Frå sårbar global avhengigheit til robust lokal beredskap.

Matproduksjon verda over er avhengig av kunstgjødsel der NH3 er eit essensielt råstoff. Utan kunstgjødsel ville annakvart menneske mangle mat på bordet. Europa importerer storparten av sitt NH3-behov frå geopolitisk ustabile regionar.

Løysinga ligg ikkje i meir import — ho ligg der den fornybare energien allereie kan haustast. Vi arbeider for å kombinere norsk vasskraft med moderne elektrolyse-teknologi for framstilling av NH3 lokalt. Og soleis skape nye verdikjeder for distrikta.

2028
Pilotmål

Pilotanlegg for lokal grøn NH₃-produksjon i Noreg er i drift. Teknologiutvikling, erfaringar og kunnskapsbygging legg grunnlag for skalering.

12Twh
SMÅKRAFTVERK

Småkraftverka i Noreg produserer 12Twh årleg. Fleire av desse produserer ikkje optimalt. I tillegg er det estimert eit unytta potensiale i småkraftressursar på 14Twh, som enno ikkje er utbygde.

0 - null
CO₂-utslepp

Grøn NH₃ frå ein fornybar kraftressurs — gir eit 0-rekneskap for Co2-utslepp både ved framstilling og til bruksområde som drivstoff eller gjødsel.